Velkomen hit

Hei!
På denne nettsida kan du finna ut litt meir om folk, organisasjonar og aktivitetar i bygdene knytt til postnummer 5915 Hjelmås.

I menyen finn du blant anna oversikt over lag, aktivitetar og kontaktpersonar. Kanskje kan du bli med på noko kjekt og bli kjent med nye folk?

Er du ny i bygda? Då skal du vita at her er det eit yrande kultur- og organisasjonsliv, med mange eldsjeler og mykje kreativitet.

Me har ei helt ny og flott storstove for idrett og samlingsformål, me har ungdomshus, bedehus, butikk, gardsdrift og småindustri.

Ta kontakt med oss i Bygdelaget 5915, eller med nokre av kontaktpersonane i oversikten dersom du har lyst til å engasjera deg.

Følg oss gjerne på Facebook også, der legg me ut litt nyhende og diskusjonstema, og kalenderhendingar om ting som går føre seg.

Beste helsing Bygdelaget 5915